Landsbyen Larsnes

Landsbyen Larsnes

Badestranda LarsnesHar du vore i landsbyen Larsnes? Larsnes har rundt 880 innbyggarar og er ein av dei få stadane i Norge med landsby-status. Kulturliv og skipsindustri har stor plass i landsbyen.

Næringsliv og daglegliv

Larsnes Mek as har vore i ei drivande utvikling dei siste 10-åra og ligg strategisk til i den maritime klynga langs kysten. Larsnes Mek as er eit av dei leiande verfta innan fiskeri og brønnbåtar. I 2010 forbetra ein tilkomsten med eit nytt kaianlegg på 130 meter. No jobbar ein med å få på plass tørrdokk med overbygd hall på 150×35 meter, nye kaier, landstraumanlegg og administrasjonsbygg med kontor, garderober og kantine for dei 71 tilsette. Dette er ei satsing for framtida.

I sentrum av Larsnes finn du 2 bilverkstadar - Larsnes Last og buss as og Larsnes  Auto as og  bensinstasjon - YX Larsnes . Bensinstasjonen har matservering og rett over vegen ved bensinstasjonen i sentrum er det etablert bubilparkeringsplass med straum. Her finn du også to daglegvarebutikkar - Coopen og Joker, Sande legesenter, treningssenter, bibliotek og frisør.

Sandetun omsorgsenter er plassert "midt i " og er en stor arbeidsplass  som "server" sjukeheim, omsorgsbustadar og heimetenesta. Øya aktivitetssenter ligg "midt" i omsorgssenteret og der opplever mange mykje glede og aktivitetar som er med å kvikke opp kvardagen. 

Ferjekaia er trafikk-knytepunktet for øyane. Der finn du buss-avgongar til og frå staden og AMBU som er både passasjerbåt og ambulansebåt for øyfolket eller dei som skal dit. 

 

Kultur og fritid 

Tett ved ferjekaia finn du ei flott badestrand med høve til å låne gratis kano slik at du også kan oppleve Larsnes frå sjøsida. Knytt til denne finn du badehus ved Larsnes brygge og andre aktivitetar langs strandkanten.  Her finn du også gjestebrygge.

Før du tek ein dukkert  i sjøen, kan du kanskje ta turen opp Vardevegen bak rådhuset. Du kan ta den som ei treningsykt eller vandre langsomt å tenke på at her gjekk forfedrane  våre som skulle ned til handelsstaden Rønneberghuset for å ordne med handelsvarer eller vente på Dampen.  

Rett ovanfor badestranda finn du Rønneberghuset. Rønneberghuset er ein historisk eigedom på Søre Sunnmøre. Huset er bygd i 1879 og var hovedsete for Rønnebergslekta på Larsnes. Etter ei omfattande restaurering fremstår huset no i si opprinnelige prakt.  Ein annan serveringsstad med overnatting er Kråen gard ytst i Hallebygda - her er gardsbutikk og gardskafe.

Liset feriesenter på Skredestranda tilbyr også overnatting.

Eit viktig krigshistorisk minne finn du i Oksavika - der Kåken frå 2. verdskrig er bygd opp att. Hit er det merka sti  slik at alle som vil kan få kjenne litt på korleis det måtte vere å site her på post under krigen. 

Landsbyen Larsnes er no "videnkjend" for sine "Feel - it show" på Landsbyhuset Breidablik - gjestar kjem langt ifrå for å få med seg dette forrykande Dinner-showet som har halde det gåande i snart 10 år no.

Nytt show blir sett opp kvart år!

 

Sumarsamkoma blir arrangert kvart år med ulike aktivitetar gjennom veka rundt jonsok. Det er fleire lag og organisasjonar som står bak denne satsinga på kultur, aktivitet, leik og moro - eit populert tiltak!

Larsnes kyrkje finn du her.

Det er elles mange kulturaktivitetar gjennom året du kan vere med på i landsbyen. Facebooksida Landsbyen Larsnes held deg oppdatert om dette. 

Busetnad og region

Innbyggjarrane på strandsida bur i krinsane Hallebygda, Larsnes sentrum og Skredestranda  Dersom nokon ynskjer å busette seg så pågår eit arbeid med eit større kommunalt bustadfelt - Storehaugen, som ligg litt vest for Larsnes sentrum.  Vidare har ein nokre tomter i Rustene på Skredestranda. Det er opna for noko spreidd busetnad dersom ein ønsker å bygge nytt. Elles er kjøp av brukte hus eller leilegheiter eit alternativ.

Avstandar til Fosnavåg, Ørsta/Volda er 40 min og Ulsteinvik er 25 min. Mange som bur i området arbeider i desse regionsentra.