Last ned smittestopp-appen!

Last ned smittestopp-appen!

Smittestopp app foto Mostphotos Farknot Architect Appen Smittestopp vart 16.april lagt ut for nedlasting på Apple App Store og Google Play Store.

Appen skal gi Folkehelseinstituttet anonyme data om korleis grupper rører seg i samfunnet. Slik kan ein måle effekten av tiltaka mot smittespreiing, og etter kvart skal brukarane få eit varsel om de har vore i nærkontakt med nokon som er smitta av koronaviruset.

Sande kommune oppfordrar alle sin innbyggarar om å laste ned appen og vere med på dette tiltaket!

Du får fort ei melding om det skulle vere nokon du har vore i kontakt med som testar positivt - når denne appen kjem i bruk for fullt. Det kan vere ei god sikring både for deg sjølv og for dei du har rundt deg. Ver difor med på denne "dugnaden " også!

Les meir om appen på Folkehelseinstituttet sine sider.