Likar du å jobbe med barn og har barnehagelærarutdanning?

Klikk for stort bileteHaugelia barnehage Sande kommune  Haugelia barnehage i Sande kommune har ledig vikariat som ped.leiar frå 01.10 og ut barnehageåret.

Arbeidsoppgåver

Pedagogisk planlegging og leiing på avdeling, i samarbeid med styrar og andre tilsette. Jobbing med borna på avdeling.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer primært etter ein person med barnehagelærarutdanning. Men vi tek også imot andre gode søkjarar til jobben. Politiattest av ny dato.

Personlege eigenskapar

Stå-på-vilje, samarbeidsevne, evne til å sjå og komme i kontakt med førskuleborn. Gode kommunikasjonsevner. 

Vi tilbyr

Løn og vilkår i samsvar med lov og avtaleverk. Eit godt arbeidsmiljø i ein ny og flott barnehage.

Søk på stillinga.