Listeforslag innkomne til kommunstyrevalet i Sande kommune

Listeforslag innkomne til kommunstyrevalet i Sande kommune

Alle parti og gruppe som ønskjer å stille til val, må levere listeforslag til valstyret i den kommuna dei ønskjer å stille til val i.

Etter kvart som listene blir leverte inn, vil dei bli lagt ut her slik at du kan bli kjend med kven som stiller til kommunestyreval i år. 

 

Når må listene vere levert?

I 2019 kjem 31. mars på ein søndag. Etter vallova § 15-5, skal fristar som fell på ein laurdag eller heilagdag utsettast til påfølgjande kvardag. Det inneber at listeforslag må være innlevert til valstyret i kommuna innan 1. april 2019 kl. 12.00. Det er ikkje nok at det kun er postlagt.

For parti og grupper som ikkje kjem inn under reglane om forenkla behandling, jf. valloven § 6-3, må det samlast inn eit visst antall underskrifter på listeforslaget frå personar med røysterett i det valdistriktet lista skal stille.

Underskriftene er underlagt taushetsplikt og skal ikkje offentleggjerast, jf. valforskriften § 13, valloven § 15-4 og forvaltningslova § 13 første ledd nr. 1.