Litt informasjon om Corona-viruset

Litt informasjon om Corona-viruset

Det mykje omtala Coronaviruset  som har spreidd seg på nyåret, skaper litt spørsmål  og usikkerheit.

Dette har vore eit virus som har fått mykje merksemd i media etter at det vart identifisert av kinesiske myndigheiter i starten av januar.

Litt fakta

Det er per i dag ikkje registrert smitte i Norge, men Helsedirektoratet reknar med at det er sannsynleg at vi også vil få smitta personar i Norge.

Det nye viruset kan gi luftvegsinfeksjon hos menneske. I mange tilfelle har det berre gitt mild sjukdom, men det er også registrert tilfelle av alvorleg sjukdom og dødsfall - dette er derimot hovudsakleg hos særskild utsette grupper.

Det er derimot høgsesong for influensa, som betyr at det vil vere ekstra viktig å ha god hygiene for å redusere smittenivå i befolkninga. 

Om viruset

Dette er eit hittil ukjent virus, men har nokre genetiske likskapar med SARS-viruset (SARS-CoV) som spreidde seg i Asia tidleg på 2000-talet. Begge virusa tilhøyrer coronavirusfamilien. 

Førebels er smittekjelda ukjent, men det vert antatt at smittemåten skjer via dråpesmitte.

Mange coronavirus resulterer hovudsakleg i at du vert forkjøla, medan det i få tilfelle kan gi meir alvorleg sjukdom.

For folk flest i Noreg med normalt god helse vil det truleg ikkje vere ein stor risiko ved å verte smitta av viruset.

Folk med nedsett immunforsvar eller som er utsette for sjukdomar bør i større grad vere var med god hygiene for å redusere risiko for å verte smitta.

Du finn meir informasjon om Coronaviruset på Helsenorge.no.

Redusere smitte

Helsedirektoratet ønsker å avgrense smitte og forhindre at viruset bryt ut i Noreg.

Sjukdomen smittar som ved forkjøling og influensa ved at virus vert overført frå luftvegar hos ein sjuk person. Dette skjer på tre måtar:

  1. Gjennom lufta ved at den sjuke nys eller hostar slik at viruset vert pusta inn, eller kjem i kontakt med, slimhinna i auge, nese eller munn hos personar som står i nærleiken.

  2. Ved direkte kontakt når den sjuke har fått viruset  og overfører det ved kontakt med andre.

  3. Ved indirekte kontakt når viruset har blitt overført til inventar eller gjenstandar gjennom nys/host, eller ved at den sjuke har hatt viruset på henda og andre kjem i kontakt med gjenstanden.

Helsedirektoratet har laga ein generell hygieneplakat (PDF, 2 MB) med tiltak du kan gjere sjølv for å førebyggje smitte.

For å redusere risikoen for å verte smitta, er nokre enkle grep å;

  • Ha papirlommetørkle framfor munn og nese. Dette beskyttar andre når du hostar eller nys. Kast lommetørkleet etter bruk. Vask så hendene.
  • Bruk albogekroken når du må hoste eller nyse og ikkje har papirlommetørkle tilgjengelig.
  • Vask henda ofte og grundig, spesielt når du har vore ute blant folk.
  • Handdesinfeksjon med alkoholhaldig middel er eit godt alternativ når handvask ikkje er mogleg, til dømes når du er ute og reiser.