Litt nytt frå helseavdelinga i Sande

Litt nytt frå helseavdelinga i Sande

Sande kommune  Vi har litt endringar i kabalen på  helseavdelinga.

Sande legesenter

Eivind Ilstad er no på plass som vikarlege ut året, så då har vi tre legar - og bra kapasitet på legekontoret.

Viktig at dei som treng time avklarer med sekretær om ein er forkjøla, treng testing m.m. slik at vi heile tida får organisere førebygging av smittestiuasjonar  så godt som råd er.

 

Sande fysioterapi

Her blir det  mindre bemanning resten av året.

Kommunefysioterapeut Ida Helene Tranvåg Yksnøy har slutta, og det vert ikkje sett inn vikar. Det vert såleis ei stram prioritering på dette området ut året.

Du må likevel gjerne ta kontakt med avdelinga slik at ein får avklaring på kva som kan vere gode løysingar for deg.