Lunsj med helselaget

Lunsj med helselaget

 

Dette smakte godt!

Torsdag 07. november var elevane på Larsnes oppvekstsenter så heldige å få besøk av damene i Larsnes helselag. Dei både spanderte og laga til ein flott lunsj for elevane våre – og elevane visste å setje pris på maten! Lunsj med helselaget har etter kvart vorte ein årvisse tradisjon som både små og store på Larsnes oppvekstsenter ser fram til.

Eit kjempepopulært trivseltiltak for alle!

Allereie i desember kjem Larsnes helselag tilbake til skulen – då for å lage nissegraut til alle! Det blir det skikkeleg julestemning av!

Larsnes helselag Sande kommune