Lynnedslag tok fasttelefonane på Sandetun omsorgssenter

Klikk for stort bilete PXhere.com  Lynnedslag er truleg årsak til at fasttelefonane på Sandetun omsorgsenter er ute av drift i kveld. Om du skulle trenge å ta kontakt med Sandetun i kveld må du ringe 90513161 og ansvarleg sjukepleiar på Sandetun omsorgssenter vil svare deg. 

Feilen er meldt og vi håper at alle telefonane er i orden igjen i morgon ut på dagen. 

5.juli kl 14.15 Oppdatering 

Telenor melder at telefonane truleg ikkje vil fungere før utpå dagen i morgon. 

6.juli kl 15.10: 

Telenor arbeider med feilen, men det er ikkje i orden enno - vi får ha tolmod og bruke mobiltelefonen som er oppgitt her. Når sentralbordet er ope i morgon vil dei også kunne hjelpe deg med å finne rett person på omsorgssenteret. 

8.juli kl 22.00

Telenor har lova å ordne problemet med fasttelefonane i løpet av fredag 9.juli.  Bruk 90513161 eller sentralbordet 70026700 i  opningstida.