Mange har førehandsrøysta i Sande kommune

Mange har førehandsrøysta i Sande kommune

 265 personar har nytta seg av førehandsrøysting i Sande.

13,2 % av dei røysteføre i Sande har gitt si stemme før valdagen måndag 9.september.

Det har vore førehandsrøysting på Sandetun omsorgssenter og ved rådhuset i Sande. Nokre veljarar har og nytta seg av retten til å røyste heimanfrå.

Valdagen er røystelokala ved oppvekstsentera i kvar krins ope frå kl 12-19.

Bruk stemmeretten din  -  Godt val !