Mange personar sett i isolasjon til situasjonen er avklara

Mange personar sett i isolasjon til situasjonen er avklara

CDC, Alissa Eckert Sande kommune melde tidlegare i dag om ein positiv korona-smitta person. Kriseleiinga har jobba med denne situasjonen i dag.

Kriseleiinga  i Sande har fått opplysningar om at den smitta personen bur på ein brakkerigg i Gursken.

Kommunen jobbar no for å avklare situasjonen raskast mogeleg. Planen er at alle bebuarane der vert testa  i kveld.

Personane som bur på brakkeriggen har ikkje oppdrag i Sande, men arbeider i ei nabokommune.

Sande kommune har tett dialog med oppdragsgivar for å få oversikt og kontroll  over situasjonen.

Heile brakkeriggen er sett i isolasjon til vi har fått avklart smittesituasjonen.

 

Oppdatering 15.oktober kl 11.45

Status: Stor testaktivitet / effektive helsearbeidarar

 

Kl 19.00 i går kveld var Sande legesenter ferdig å teste 70 arbeidarar for Covid-19 ved brakkerigg i Gursken. Prøvene vart same kvelden frakta til Molde for analysering. Ein reknar med å få svar på desse prøvene tidleg fredag eller evt før.

Legesenteret fekk veldig raskt organisert prøvetakinga  i godt samarbeid med arbeidsgivarane, og fortener ros for godt og effektivt arbeid.

Slik kan vi veldig raskt få oversikt over situasjonen – til beste for dei som er sette isolasjon og for lokalmiljøet elles.  

Sande kommune kjem med vidare oppdateringar så snart ein har noko å melde.