Markering av samedagen i Haugelia

Markering av samedagen i Haugelia

Sande kommune

 Det er viktig å lære barna litt om at vi har ei eiga folkegruppe som heiter samar, og kva levemåtar desse har hatt og har. I Haugelia barnehage har dei sett dette i fokus på den nasjonale samedagen 6.februar. I ulike samanhengar gjennomdagen har dette hatt fokus. 

I samlinga snakka vi  om samefolket sin dag, urbefolkninga, betyding av fargane på flagget. Vi har sett på foto av festantrekket og snakka om og studert litt bilde av lavoar. Barna fekk sjå ulike videoar av samefolket og lytta til kjente barnesongar på samisk. Blant anna sangen om fem små apekattar, der barna lytta etter kjente ord, seier Lisbeth Nykrem -styrar i barnehagen. 

 

Læring føregår også gjennom smakssansane. Ungane har baka Ghakkobrød og så sto sjølvsagt joikakaker på menyen denne dagen.

Ungane har lært å telle til tre på samisk - Okta (1), Guokte (2) og Golbma (3), sunge samesongar og har vore med på show i barnehagen der vaksne hadde kledd seg ut som samar og reinsdyr. Lassokasting var også med i showet og det vart kjempeartig!  

Artig og lærerikt for ungane var det også å studere og kjenne på sko laga av reinsdyrskinn.

Alt i alt ein lærerik dag i tråd med rammeplanen for barnehagen!