Vaksinering til gruppa over 80 år
Vi vaksinerer no eldre heimebuande over 80 år, dei vert ringt til og får time i tur og orden.
Viktig at alle møter til time, eller melder frå dersom dei ikkje kjem.
Er du i risikogruppa?
Dei som er i risikogruppe kan ringe dokterkontoret å sette seg på liste for vaksinering, dei vil då verte ringt til når vi kjem så langt. Dette gjeld også dei som ikkje har fastlege i Sande.
Framdrift
Det er ikkje råd å seie så mykje om framdrifta, vi ventar på fleire vaksiner -og håper det kjem ei auke i mars.
For denne og neste veke er det som før, det meste av det vi no får går til vaksine nr 2.