Merkedag for Sande kommune

Merkedag for Sande kommune

Onsdag 10.02. vart ein merkedag for Sande kommune, bokstaveleg tala. Den første GPS-merkinga av hjort fann stad på Larsnes, faktisk den aller første på heile «sørøyane». Prosjektet Vesthjort merkar dyr på heile søre Sunnmøre, og vil gi god informasjon om vandringar og trekk.

Merking med GPS

Erling Meisingset og Øystein Brekkum frå Nibio er ansvarleg for prosjektet, og har kome godt i gang med merking i indre deler av regionen. No kom altså turen til ytre søre luten, og det vart full klaff på første forsøk.

Etter eit par timar med speiding, lysing, venting, kaffi og hjorteprat, vart det beslutta ei meir aktiv tilnærming. Frå bil, under epletrea hans Bjarne frampå Kvalen, fekk ein treff på ei kolle. Dyret la naturleg nok på sprang mot skogen, og kom seg rundt 150 meter oppover før ho måtte gi etter.

Dyret vert undersøkt der det ramlar. 

Dyret vart funne og ivareteke, vegd og målt. Ei godt vaksen kolle, rundt 10 år, rundvekt på 110 kg, truleg eit lededyr i flokken. Ho vart utstyrt med avansert GPS-utstyr i ein klave om nakken, før ho vart vekka og fekk rusle vidare. Batteriet har ei levetid på 2-3 år, før det automatisk løyser ut låsen på klaven. Det vert fanga opp signal frå sendaren kvar time.

Følg hjorten

Denne informasjonen vert plotta i kart, og «vårt» dyr kan følgast på Nibio.no, dyreportalen i Kilden.

Det er planlagt merking av fleire dyr, truleg utpå vårparten.

Karane frå Nibio vart godt hjelpte av lokale jegarar Bjarte Rovde og Kolbjørn Kvalen. Stor takk til dei, og til grunneigar for velvilje.