Midlar til oppfølging av utsette barn gjennom tverrfagleg innsats

Midlar til oppfølging av utsette barn gjennom tverrfagleg innsats

  

 

Sande kommune har i dag fått tildelt tilskot for å identifisere og utarbeide, gjennomføre og sette i verk  tiltak  for å styrke og følge opp utsette barn. Midlane skal brukast til  personalressurs og eventuelt innkjøp av materiell. 

Det er Bufir som tildeler midlane og skal rettleie og hjelpe kommunen i arbeidet. 

- Vi er veldig glad for å få tildelt desse midlane og vil prøve å få mest mogeleg ut av dette prosjektet. 1 mill kroner er faktisk midlar som kan gjere ein stor forskjell. Vår UngData-undersøking avdekker behov for å satse på fleire område innanfor oppvekstmiljøet, og vi vil starte arbeide med å finne ut korleis vi skal priortere og handle  for at den enkelte og alle skal ha det best mogeleg i  Sande, seier kommunedirektør Trond Arne Aglen. 

Prosjektet vil bli oppstarta så fort som råd over nyttår!