Minst ei bekymringsmelding har ikkje nådd barnevernet

Minst ei bekymringsmelding har ikkje nådd barnevernet

Bilete av barnevernstilsett som observerer barn i leik. - Klikk for stort bilete Marius Beck Dahle

Ta kontakt om du er bekymra for om di melding til barnevernet ikkje har kome fram.

Oppdatering 07.06.23:

Vi har funne ut at den tapte meldinga frå 24. mars 2022 kom frå ein offentleg aktør. Det er altså ikkje ein privatperson som har sendt inn meldinga.

Måndag 5. juni varsla Bergen kommune at 24 bekymringsmeldingar til barnevernet ikkje hadde nådd fram til barnevernet. Meldingane er sendt via nasjonal meldingsportal til barnevernet. Barnevernet har derfor ikkje hatt moglegheit til å lese eller handle på meldingane. For avsendar såg alt normalt ut.

Søre Sunnmøre barnevern, som Volda kommune er vertskommune for, nyttar fagsystemet som har hatt denne feilen. I tillegg til Volda er kommunane Vanylven, Sande, Hareid, Ulstein og Ørsta med i samarbeidet.

Då vi blei kjend med feilen i Bergen, starta Søre Sunnmøre IKT (SSIKT) med ein gong å gå gjennom våre loggar. Dei har no oppdaga éi melding som har forsvunne. Denne blei sendt inn 24. mars 2022 og gjaldt eit barn busett i Volda. Vi veit ikkje om det var ein privatperson eller offentleg aktør som sendte inn denne meldinga. Vi veit heller ikkje kvar meldinga er sendt frå.

Vi har på noverande tidspunkt ikkje loggar frå midten av januar 2021 til 1. januar 2022. Vi har derfor ikkje moglegheit til å sjekke om det er fleire meldingar som ikkje har blitt lagra.

Søre Sunnmøre barnevern oppmodar dei som har meldt inn bekymringsmelding gjennom Nasjonal meldingsportal i perioden midten av januar 2021 til 1. januar 2022, og som er urolege for om meldinga har kome fram, om å ta kontakt med barnevernet for å forsikre seg om at dei har motteke meldinga. Det same gjeld den eller dei som kan ha sendt inn meldinga 24. mars 2022.

Sjå nedst i artikkelen for korleis du kan kontakte barnevernet.

Det er svært uheldig at det har vore feil i meldingsportalen til barnevernet som har ført til at bekymringsmeldingar ikkje har kome fram til barnevernet.

Barnevernet vil også kontakte våre offentlege samarbeidspartar på overordna nivå. Vi vil be dei om  å gå gjennom sine bekymringsmeldingar i denne perioden og ta kontakt dersom dei er i tvil om meldinga har kome fram.

SSIKT har oppdatert fagsystemet vårt. Visma, som er leverandør av systemet, tok kontakt med kommunen i går og forsikra om at meldingsfunksjonen no fungerer. Vertskommune Volda kommune vil følgje opp vidare opp mot dataleverandøren for å få nærare avklaring på årsaka til feilen. Det vil også bli sendt med avviksmelding til Datatilsynet.

Det er kring 240 kommunar som brukar meldingsportalen frå Visma og som kan vere ramma av feilen.

Kontakt barnevernet

Vil du sjekke at di bekymringsmelding har kome fram til barnevernet, eller har du ei ny bekymringsmelding, kan du kontakte barnevernet på følgande måtar:

Du kan sende post og dokument på ein sikker måte gjennom eDialog

Du kan ringe til barnevernsleiar Aina Øyehaug på telefon 40 09 27 89

Slik sender du bekymringsmelding

Om du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, bør du melde frå til barnevernet.

Du treng ikkje vere sikker på at noko er gale før du melder frå. Når du har sagt i frå, er det barnevernet sin jobb å vurdere korleis meldinga skal følgast opp. Dei aller fleste som får hjelp av barnevernet, får hjelpa i heimen. Omsorgsovertaking skjer berre i dei mest alvorlege tilfella.

Slik melder du frå:

Gå til digitalt skjema for bekymringsmelding (for privatpersoner)

For offentlig ansatte og fagpersoner med meldeplikt: Gå til digitalt skjema for bekymringsmelding

Vi rår til at du nyttar det digitale skjemaet for sikker og effektiv innmelding til barnevernstenesta. Om det ikkje er mogleg for deg å nytte det digitale skjemaet eller om du vil vere anonym overfor barnevernet, kan du laste ned eit meldingsskjema som du fyller ut og sender til barnevernstenesta i kommuna. NB: Dette skjemaet må sendast i posten og ikkje via e-post.

 

Kontaktpersonar:

  • barnevernsleiar Aina Øyehaug, telefon:  40 09 27 89 
  • kommunedirektør Rune Sjurgard, telefon: 90 05 37 52

Kontakt

Rune Sjurgard
kommunedirektør
E-post
Mobil 90 05 37 52