Misfarga vatn?

Klikk for stort bilete Det har oppstått ein uheldig situasjon på vassverket på Holtane, og abonnentane i Gursken kan oppleve å få misfarga vatn i springen. 

Det er sett i gong tiltak for å utbetre feilen, og ein håper at vassleveringa blir normal i løpet av dagen. 

Om du skulle få det misfarga vatnet i springen din, er det lurt å få tappa ut det som finst der. Ta bort evt sil  i armaturen så får du ut alt. 

Oppdatering : kl 13.00 melder teknisk eining at feilen er utbetra og at vatnet skal få normal farge etter kvart. Beklager ulempene dette har ført til. 

Teknisk sjef