Møt politiet på Larsnes onsdag 1.november

Møt politiet på Larsnes onsdag 1.november

Første onsdagen i kvar månad har politiet fast trefftid ved rådhuset i Sande kommune. Her kan du møte utan at du treng å gjere avtale på førehand.

Dette har kome i stand etter arbeidet i Politirådet der politiet ønsker å vere nær lokalsamfunna.

Politiet kan svare på spørsmål, gi råd og rettleie i ulike saker. 

Onsdag 1. november kan du treffe politistasjonssjef Janne Garnes Nilsen 

Treff-tida er frå kl. 10.00 - 14.00. Vil du ha avtale med Politiet utanom dette tidsrommet - ta kontakt med Politiet på førehand ved å ringe 02800  eller direkte til Janne Garnes Nilsen  - tlf 92400577.

Om du ønsker å gjere avtale før du kjem, kan du det, men det er ikkje nødvendig. I dei tilfelle der politiet kan ha nytte av å førebu og innhente nødvendig dokumentasjon i forkant av møtet, vil det sjølvsagt vere nyttig at du varslar på førehand at du kjem.

 - På grunn av reiseveg, veit vi at det kan vere utfordrandre for enkelte å fare til politistasjonen i Fosnavåg dersom du ønsker å treffe oss for ein samtale fysisk. Derfor er det fint å vere til stades på Larsnes, seier Janne Garnes Nilsen som ønsker velkomen innom.

Den neste datoen du kan treffe politiet vert 6.desember 2023

Dersom du treng å finne informasjon om opningstider for din nærmaste politistasjon, så finn du det på politiet.no.