Møyfrid Tveten fekk kulturprisen 2018 i Sande
Ein glad og overraska prisvinnar - Møyfrid Tveten - tok i mot Kulturprisen 2018 i Sande i Gursken kyrkje søndag kveld.
Ho hadde då akkurat hatt ein knakande godt kåseri på dugnadskonserten arrangert av Gursken kyrkjering, om korleis det var å vere barn i kyrkja på 40-talet.
Sparebanken Møre v/ Kjell Ove Vasstrand delte ut prisen.
Kulturprisen for Sande
er oppretta gjennom eit samarbeid mellom Sande kommune og Sparebanken Møre, Larsnes. Prisen vert utdelt ein gong pr. år om der finst gode kandidatar. I vedtektene heiter det at kulturprisen kan delast ut til ein eller fleire einskildpersonar eller lag som høyrer heime i Sande kommune, og som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege.
Møyfrid fekk prisen
Møyfrid har gjennom eit langt liv har bidrege til det kulturelle mangfaldet i Sande, og med engasjement og kunnskap har ho vore med å lagt til rette for gode kulturelle opplevingar, og sikring av kulturminne. Ho har hatt lang verketid, breidde i engasjementet og stor kapasitet. Mellom mange aktivitetsområde kan ein nemne
- Trufast arbeid i kulturlaget i Gursken
- Soge og museumsarbeid
- Innsats i kyrkjeforeining og sokneråd
- Segn og Soge
- IOGT
- Foredrag, kåseri og appellar
Sande kommune gratulerer med prisen!
Publisert av Elin Rokstad
Publisert 19.11.2018 08:55
Sist endra 19.11.2018 08:55