Mykje nedbør skaper problem

Mykje nedbør skaper problem

Fleire stader i kommunen er det no problem med overflatevatn som kan  gjere skade på eigedomar og hus. 

Sande kommune bed innbyggjarane om å vere på vakt og rense opp slukar og grøfter så godt det let seg gjere for å forhindre eller redusere faren for oversvømmelse  - der ein har kjennskap til at dette kan oppstå. 

Teknisk eining er allereie ute i felten for å hjelpe til med problem som har oppstått.