Kommunale instansar, frivillige lag og organisasjonar og andre kan søkje om midlar. Vi oppmodar alle som jobbar med born og unge til å vurdere om de har prosjekt som kan kome inn under tilskotsordninga, og om å søke om tilskot. Saman kan vi bidra til at alle born og unge finn seg til rette i lokalsamfunnet i vårt.
Kva kan ein søke om tilskot til?
- Ordinære tiltak: deltaking i kultur-, fritids- og ferieaktivitetar og deltaking på alternative mestringsarenaer. Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søke om tilskot.
- Utprøving av metodar/ arbeidsmodellar for å inkludere born og ungdom som er berørt av fattigdomsproblem. Kommunar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søke om tilskot.
- Koordinering av samarbeidet mellom tenester samt tilrettelegging og organisering av samarbeid mellom kommunen, frivillig og privat sektor. Kommunar kan søke om tilskot.
Korleis søke?
De søkjer om tilskot direkte i Bufdir sin søknadsportal. Der finn du også meir informasjon om tilskotsordninga, samt regelverk og rettleiing.
Søknadsfristen for 2020 er 4. desember.
Etter søknadsfrist vil Sande kommune gjere ei prioritering av søknadane, som vert sendt til Bufdir.
Kven kan du kontakte for informasjon om ordninga?
Treng du meir informasjon? Ta gjerne kontakt med oss.