Nedetid for alle tryggleiksalarmar laurdag 26.november frå kl 09.00-21.00

Nedetid for alle tryggleiksalarmar laurdag 26.november frå kl 09.00-21.00

Finger som trykker på alarm - Klikk for stort bileteTryggleiksalarm Shutterstock

Laurdag 26. november vil altså ingen tryggleiksalarmar eller pasientsignal fungere i nedetida. Internett og trådlaust nettverk som del av kommunale tenester er og utilgjengeleg denne perioden. Alle fasttelefonilinjer vil og vere nede. Det er ei varsla oppgradering av systemet som er årsaka.

Sande kommune har i dag tryggleiksalarmar i drift i private heimar/omsorgsbustader og heimetenesta har rutine på å vurdere kven som må prioriterast med ekstra tilsyn/telefon i slike situasjonar. Det er difor ikkje høve til å ringe heimetenesta og oppmode om ekstra besøk.

Er du pårørande til ein som har tryggleiksalarm, må du gjerne ta ein ekstra telefon eller sjå innom denne dagen.

Dersom du som pårørande i nemnde tidsrom vel å opphalde deg i heimen ilag med tenestemottakar, er det ønskeleg at du gjev beskjed om dette til heimetenesta sin vakttelefon. Det kan bidra til at tilsette kan prioritere naudsynt hjelp til andre.

Vakttelefonen til heimesjukepleia er: 99091919