Nesten all aktivitet i kyrkja blir avlyst

Klikk for stort bileteGursken kyrkje 

Kyrkjene i Sande forheld seg til dei råd biskopen i Møre, kyrkja sentralt og leiinga i kommunen kjem med, og vil avlyse all aktivitet i kyrkjene, i fyrste omgang fram til 26. mars.

Eventuelle endringar i våre tiltak kan skje på kort varsel.

Gudstenester, institusjonsbesøk, trusopplæringstiltak, konfirmantundervisning er inntil vidare avlyst.

Konfirmasjonsgudstenestene er utsett til hausten. Nye datoar kjem når vi har fått samla alle trådar.

  • Alle konsertar er avlyst.
  • Gravferd vil bli gjennomført med berre dei næraste til stades, 15 personar er tilrådinga frå kommuneoverlegen. Ein oppmodar om å finne andre moglegheiter til å syne medkjensle enn å delta i gravferda.
  • Alternativ for dåp i gudsteneste er ein dåpsseremoni som vert separat for kvar familie. Dette kan avtalast med kyrkjekontoret.
  • Kyrkjekontoret er stengt for publikum inntil vidare. Vi er tilgjengelig på telefon og e-post.
  • Oppdatering / endring på tiltak vil kome etter dei avgjerder som vert tekne av kommunen.


Sjekk ut Den Norske Kirke si heimeside  og facebook-sida. Der legg dei ut mykje fint framover.


Telefon til Sande kyrkjekontor: 700 26480

E-postadresse: dnksande@sande-mr.kommune.no