No kan du få influensavaksinering

Klikk for stort bilete

Elveromsstova finn du rett ovanfor Sandetun omsorgssenter.

Når kan eg få vaksina?

Fredag 2.november  Kl 10.30-12.30 blir det vaksinering på Elveromstova, Larsnes

Kva kostar det?

  • Influensavaksine kr 200
  • Pneumokokkvaksine (fornyast kvar 10. år) kr 400

Ta med kontantar.

 

Må eg bestille tid? 

Det er berre å møte opp på Elveromsstova denne fredagen. Har du ikkje høve denne dagen, kan du allereie no stikke innom Sande legesenter for å få eit lite vaksinestikk.

 

Treng eg å vaksinere meg? 

Les meir om influensavaksine her.

Du som er mellom 65 og 80 år vil få SMS den 5.november med oppfordring om å ta vaksine mot sesonginfluensa. Kampanjen er eit samarbeid mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Folkehelseinstituttet.