No kan du kommunisere med helsestasjonen via SMS

Klikk for stort bileteSMS StockSnap frå Pixabay   

 

Fredag 15. mai blir SMS-timebestilling innført ved Sande helsestasjon. Tenesta gjeld helsestasjon 0-5 år og svangerskapsomsorg.

 

Dette er ein av leveransane i det interkommunale prosjektet "Digitalisering av helsestasjon og skulehelseteneste", og er eit tiltak for å gjere tenestene knytt til helsestasjonen meir tilgjengeleg for brukarane. Det er meiningslaust at ein i 2020 må ringe, og kanskje hamne i telefonkø, for eit så enkelt ærend som å endre, avbestille eller bestille ny time på helsestasjonen, seier leiande helsesjukepleiar Janne Helgøy Jonasmo og prosjektleiar Inge Pettersen. Det gjer vi noko med no!

Tenesta er levert av HelseRespons, og er same system som nyttast ved ei rekkje legekontor.

Slik gjer du for å endre, avbestille eller bestille ny time via SMS:

Send SMS til tlf. 2097: HSTSANDE fødselsdato, namn, di melding og ev. grad av hast.

Unngå sensitiv informasjon. Dersom du er føresett så hugs at det er barnet sin fødselsdato og namn du må skrive.

Døme: hstsande 230618, Kari Frisk, ønsker ny time hos helsesjukepleiar i veke 32.

Ved å sende oss SMS samtykkar du til at WTW AS behandler dine personopplysningar og at vi kan svare deg via SMS. Du vil få ei kvittering på at din SMS er motteken, og vi svarar normalt i løpet av ein arbeidsdag. Hugs at du ikkje kan sende helseopplysningar, personnummer eller anna sensitiv informasjon via SMS!

Gjeld din førespurnad time same dag ber vi om at du tek kontakt på telefon. Tenesta er gratis.

 

NB: Tenesta kan ikkje nyttast dersom ein har reservert seg mot kortnummer.