Det var Jan Arild Jacobsen-Vik i Gursken IL som sende melding slik at bussen valde å kome rullande til Gursken skule i Sande kommune denne onsdagen. Dette var NRK Superbussen som publikum kjenner til frå TV som kom til Riverplate stadion i Gursken onsdag 13.september. Alle barnehagane og skulane i Sande kommune var samla på dette arrangementet. Det var god stemning og det var fint å møtast på tvers. Alle aldersgrupper såg ut til å kose seg. Det var ei flott felleskapsoppleving. Denne opplevinga som grunnskuleelevane og barnehageborna fekk er en del av den «kulturelle skulesekken».
Forestilling med konkurranse og Blime-dansen
Det regna før showet starta, men så kom sola fram under arrangementet. Programleiarane innleia showet med å spørje publikum om dei var klare. det kom eit tydelig og rungande ja fra publikum i retur.
Det var to programleiarar frå NRK Super som leia showet, som inneheldt den heilt nye Blime-dansen, song, konkurranser, under dansen, kom også ungdomsarbeidar Herman på scena. Han var med og framførte ein herleg BlimE dans i lag med programleiarane. Så var det konkurransetid, og Jan Arild vart dregen opp på scena. Han var vaksenlaget og ein elev var på det andre laget. Dei skulle konkurrere i planken. Her gjekk det ikkje lang tid før sigeren gjekk til eleven.
Dei kjende programleiarane, song, dansa og leika i lag med borna. Sjølvaste Fantorangen kom også, noko som var ekstra kjekt for dei minste borna. Ein skjerm på scena knytte forestillinga i hop der var helsingar og anna spennande innhald frå NRK Super-universet. Det var blant anna inspirert av Daidalos-serien. Her måtte publikum passe seg undervegs! Det vart nemlig spruta Daidalos- slim på publikum så enkelte tok på regnjakka for å unngå å bli våte.
Mariann Solbjørg Ose rektor ved Gursken oppvekstsenter takka og sa at ho var glad for at dette arrangementet vart ein slik suksess. Jan Arild Jacobsen-Vik som tok aktivt del, sa at han synest det var både kjekt og morosamt at NRK-Superbussen kom på besøk og var særs nøgd med opplevinga både som deltakar og arrangør.