Ny kanal for å kome gjennom til NAV Hareid - Ulstein - Sande

Klikk for stort bilete 

Det er stor pågang på telefon og chat til NAV sitt kontaktsenter. Arbeids- og velferdsdirektoratet ønskjer å få til ein midlertidig kanal for dei som har behov for sosiale tenester og kontakt med sitt NAV-kontor.

Ordninga vil mest sannsynleg vere tilgjengeleg frå ettermiddag  måndag 30. mars og er tenkt å vare i fyrste omgang fram til 30.juni.  

Personar som skal nytte ordninga må logge seg inn på « Ditt NAV» på nav.no.  Den nye kanalen heiter "Skriv til NAV/ditt NAV."