Ny kommunedirektør på plass i Sande

Klikk for stort bileteAnders Norvald Hammer Sande kommune  Anders Norvald Hammer  starta i dag som kommunedirektør i Sande.

Dagen starta med møte på ordføraren sitt kontor med ei kort orientering om kommunen, organisering, tenester og politiske oppgåver som no er på agendaen. 

Klikk for stort bileteMøte med ny kommunedirektør Anders Hammer frå v Tove C Kvamme - politisk sekretær/konsulent, Anders Hammer - kommunedirektør , Olav Myklebust -ordførar og Oddbjørn Indregård - kommunalsjef plan og beredskap. Sande kommune    

Anders Hammer er glad for endeleg å vere i gong og gled seg til arbeidsoppgåvene han møter  som ny leiar i Sande kommune. 

Vi ynskjer lukke til!