Ny lege i Sande - endeleg tre legar på plass

Frå venstre: Susanne Sunde, Torstein Vattøy, Andreas og Benita Nyseter

Andreas Ellingsæter Mürer frå Nittedal har takk ja til stillinga som fastlege i Sande frå 01.12.22. 

Sande kommune er svært godt nøgde med at vi no får fast tilsett i den ledige legestillinga vår, og har tre legar disponible både for pasientar og kommunale oppgåver.

Dette blir ei god løysing for innbyggarane i Sande, seier ein veldig glad helse- og omsorgssjef Bård Dalen.

Det gjev stabilitet og gode tenester vidare for dei som har lege i Sande.

 

Vi ønskjer Andreas velkommen til Sande!