Ny legevaktordning frå 1.juni

Klikk for stort bilete Erlend Bae Frå 1.juni 2021 er legevakta på ettermiddag, kveld og helg for innbyggjarane i Sande ved Søre Sunnmøre legevakt i Hovdebygda. Myrvåg legevakt vert avvikla frå same dato. Dette vart vedteke på siste kommunestyremøte og vi går inn i samarbeidet på same tid som Herøy kommune.

På kvardagar kl. 08.00-15.30  blir det som i dag legevakt ved Sande legesenter -tlf 70026750.

Nattlegevakta er frå tidlegare ein del av Søre Sunnmøre legevakt.

Ved behov for øyeblikkeleg hjelp på dagtid tek du kontakt med ditt lokale legekontor, eller du kan ringe legevaktsentralen på 116117.

Utanom fastlegekontora si opningstid ringer du legevaktsentralen på tlf. 116117.

Ved symptom på alvorleg, livstrugande sjukdom skal du ringe 113.

Når du ringer legevakta kjem du i kontakt med sjukepleiar eller paramedisinar som vil kunne gje råd og rettleiing, og som gjer avtale med deg om legeundersøking når det er naudsynt.

Søre Sunnmøre legevakt er lokalisert i Torvmyrane 11B, 6160 Hovdebygda.

Klikk for stort bileteKart Søre Sunnmøre nattlegevakt