Ny rådmann på plass

Trond Arne Aglen er på plass som ny rådmann i dag. 

Første arbeidsdag er i gang for den nye rådmannen i Sande. 

- Dette blir spennande, seier han, og uttrykkjer at det er ei flott kommune han er komen til. Den fine naturen kjenner han godt til - det har vorte mange fjellturar i nærmiljøet! No blir det å dukke inn i organisasjonen Sande og finne ut kor alt heng i hop her, før ein staker ut kursen vidare.

Rådmannen ser også fram til å møte politikarane og dei tilsette i kommunen. I tillegg har Sande har eit svært interessant næringsliv som pregar kommunen og er grunnlaget for busetnad og utvikling-  dette blir det fint å bli kjent med i tida framover, kommenterer den nye rådmannen i Sande. 

 

Trond Arne Aglen er fødd 17.11.1971. Han har utdanning fra Politihøgskolen.  I tillegg har han utdanning innanfor leiing og personalutvikling, regional planlegging og utvikling samt påbegynt masterprogram i samfunnsplanlegging og ledelse. Aglen er busett i Ulsteinvik.