Ny smitte påvist i Sande - Larsnes oppvekstsenter stengt fredag 16.oktober

Ny smitte påvist i Sande - Larsnes oppvekstsenter stengt fredag 16.oktober

CDC, Alissa Eckert  

Ein sandssokning som skulle mønstre på båt i utlandet, fekk påvist Covid -19 smitte ved testing før ombordstiging. Det pågår smittesporing i Sande og Sande kommune kjem med meir informasjon seinare i kveld.

Oppdatering kl 19.15

Larsnes oppvekstsenter vert stengt fredag 16.oktober som eit førebyggande tiltak grunna påvist korona-smitte i Sande.

Det er ikkje påvist smitte ved Larsnes oppvekstsenter.

Undervisninga på fredag går altså ut. Einingsleiaren jobbar med å få ut informasjon til heimane om dette.