Vaksineplan veke 8 og 9:
Veke 8 (denne veka): Det vert gitt dose 2 til 36 personar som tidlegare har fått den første dosen. Dette er Comirnaty -vaksinen( Pfizer).
Veke 9: No får vi tildelt 100 Astrazeneca-vaksiner - den tredje vaksinen som er godkjent for bruk i Norge. Denne blir gitt til helsespersonell.
Her kan du lese meir om Astrazeneca-vaksinen.
Kor mange er vaksinerte i Sande ?
Status torsdag 23.02. kl 09.00
141 personar har fått dose 1.
34 personar har fått dose 1 og 2.
Vidare vaksinering
I veke 10 vil vi få berre 36 vaksiner. Desse vil gå til dose 2 for personar som har fått starta opp vaksinering.
Såleis er vi ikkje i mål med gruppa over 80 år som no ventar på vaksineringa. Desse blir innkalla når vi veit meir om vaksine-leveransane. Sande legesenter tlf - 70026750 - ringer deg for å gjere avtale når vaksina til deg er klar.