Nye reglar for besøk på Sandetun omsorgssenter frå 2. juni Sande kommune Det er no kome nye retningsliner for helse- og omsorgs-institusjonane og dermed endrar vi litt på rutinene for besøk.Retningsliner for besøk til pasientar ved Sandetun omsorgssenter frå 2.juni Med bakgrunn i nye anbefalingar og lokal smittesituasjon, er det utarbeidd nye retningslinjer for besøk ved Sandetun omsorgssenter.Det er framleis besøkskontroll ved Sandetun omsorgssenter. Omsorgssenteret vil fortsatt vere stengt for besøkande utan avtale. Alle besøk må avtalast på førehand, ved at ein ringer avdelinga.Vi vil legge tilrette for at besøk kan gjennomførast, men må ha begrensning på tid, pr. besøk, samt antall besøk pr. dag.For at dette skal kunne føregå i kontrollerte former, vert besøka gjennomført på følgande måte: Pårørande som vil besøke pasientar på omsorgssenteret, skal ringe til avdelinga for å gjere avtale om kva tid dei kan kome på besøk. Avdelinga samordner tidspunkta for besøk. Besøket bør ikkje vare lenger enn 1 time. Personell ved avdelinga vil følge besøkande til pasienten sitt rom Pårørande kan ikkje kome på besøk dersom dei er sjuke, jmf. nasjonale retningslinjer. Besøket skal foregå på pasienten sitt rom/ leilighet, ute på omsorgssenteret sitt område, eller på tilrettelagt besøksrom. Besøk kan ikkje gjennomførast i fellesareal i omsorgssenteret. Det er mogleg å gå tur rundt Sandetun omsorgssenteret, eller ta ein biltur. Det må framleis haldast minst 1 meters avstand, og ved besøk inne kan 2 personar kome på besøk i gongen, medan ein ved besøk ute, kan vere inntil 4 besøkande. Det er ikkje lov med nærkontakt som klemming etc. mellom pasient og pårørande. Besøkande skal vere nære pårørande, det vert ikkje opna for at alle fritt kan kome på besøk. Besøkande har ikkje høve til å opphalde seg i fellesareala på Sandetun omsorgssenter. Pårørande skal sprite hender før og etter besøk. Det skal førast besøksprotokoll som sikrar rask smittesporing, dersom det er naudsynt. Ved alvorleg sjukdom hos pasienten, vert det framleis gjort eigne vurderingar i høve besøk. Det er lov å ta med gåver, blomster osv. Dersom ein har med mat skal det gjennomførast god handhygiene før måltid. Telefonliste Sandetun omsorgssenter Avdeling Telefon Sentralbord , konsulent 9.30-14.00 måndag -fredag 70026740 Tingstova 70026606/ 70026605 Solsida 70026626/ 70026610 Sørhagen 70026620/ 70026621 Haugetun 70026650/ 70026675 Elvebakken 70026640/ 70028410 Fysioterapi 70026613/ 48892151 Kjøkkenet 70026683 Øya aktivitetssenter 91301547 Hjelpemiddel (onsdag) 48992664/ 91696631 Sande kommune 70026700 VAKTTELEFON, bemanna av sjukepleiar 99091919 Regjeringa har den 27.05.20 utarbeidd ny rettleiar for besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar.Les også meir her. Publisert avElin Rokstad Publisert02.06.2020 13.02 Sist endra08.06.2020 14.54