Nytt hipp, hurra for nye ferjetider

Nytt hipp, hurra for nye ferjetider

Gode dialogar fører til at liggetida på Voksa for den nye ruta som kom i gong 1.april, vert endra til liggetid på Kvamsøy. 

Norled er positiv til å endre rutene slik at liggetida flyttast frå Voksa til Kvamsøya.

Det er utarbeida forslag til ny rutetabell som vil bli i verksett frå og med onsdag 6. april.

Her finn du den nye rutetabellen.

Alle endringar frå dagens tabell er markert med farge. Til info så er det lagt inn ein ekstra avgang til Åram kl. 1255 for at A -og B-ferja ikkje skal liggje til kai på Voksa samtidleg kl.1300, fortel Møre og Romsdal fylkeskommune i ei gladmelding til Sande kommune.