Nytt om ferjesaka

Nytt om ferjesaka

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Einar Ekroll

Saka om ferjesituasjonen skal opp som eiga sak i samferdselsutvalet seinare i haust. 

Ein delegasjon frå Sande kommune var i går til Molde og deltok på møtet til samferdselsutvalet. Dei orienterte om kva som er situasjonen i kommunen og kva Sande kommune ønsker for framtida når det gjeld ferjesambandet og hyppigheit på ferjeavgongar. 

Det vart ikkje gjort noko vedtak etter orienteringa, men utvalet  bed fylkesadministrasjonen om å legge fram ei sak seinare i haust. 

"Samrøystes vedtak i Samferdselsutvalet - 29.09.2022: Samferdselsutvalet ber administrasjonen legge fram ei sak til 11. november."

Her finn du heile møtet  - saksframlegg og protokoll - samferdselutvalet.