Nytt om vaksinering i Sande
Denne veka tek vi til å ringe til heimebuande for vaksinering i veke 6. Vi startar med dei eldste og arbeider oss nedover i alder.
Vil du vaksinere deg?
Det er viktig at alle har gjort seg opp ei klar meining ein vil ha vaksine eller ikkje når ein vert oppringt. Ein vil då få time.
Vaksinasjonsstad
Vaksineringa neste veke vil skje i kapellet på Sandetun omsorgssenter.
Del informasjon
Om du kjenner nokon som er opptatt av om ein snart blir vaksinert, kan du gjerne dele denne informasjonen.
Publisert av Elin Rokstad
Sist endra 01.02.2021 15:25