Nytt reiarlag tek over ambulanse - og samfunnsbåten i Sande

Nytt reiarlag tek over ambulanse - og samfunnsbåten i Sande

F.v. Geir Myrold Grimstad frå helseføretaket, Jarle Støylen frå Sande Båtutleige AS, ordførar Olav Myklebust, Kjetil Hantveit frå NRS og deira driftsleiar Saron Osmundsvåg. Einar Ekroll

Fredag 31.mars markerte Helseforetaket og Sande kommune skifte av reiarlag for ambulanse- og samfunnsbåten i Sande.

Årsaka til skiftet er Helseforetaket sin anbodsprosess som vart gjennomført i 2022,  for ei ny kontraktsperiode.

Båt, kake, menn - Klikk for stort bilete Einar Ekroll

Det vart både kake, kaffi, blomster og velfortente gode ord frå både Helseforetaket og Sande kommune til Sande Båtutleige AS som har drifta ambulanse- og samfunnsbåten i 19 år og har representert ei pålitelig, trygg og god teneste for innbyggjarane.

Sande Båtutleige AS har hatt eit mannskap som har vist stor fleksibilitet for å gi dei reisande best mogleg tilbod.

 

Nytt reiarlag tek over drifta

Norwegian Rig Shuttle AS tek over drifta 1.april. MB Sylvkallen vil trafikkere området fram til ny båt vert levert i månadskiftet april/ mai.

Sande kommune takkar Sande Båtutleige AS for lang, god og tru teneste, og ønsker Norwegian Rig Shuttle AS lukke til med å vidareføre gode transporttenester til folket i Sande.

Driftsmeldingar kan de finne her:   https://www.rigshuttle.no/driftsmeldingar