Nytt renseanlegg for vatn skal forsyne Gjerdsvika og Gursken


Nytt renseanlegg i Gjerdsvika Sande kommune Sande kommune v/ teknisk sektor arbeider med bygging av nytt renseanlegg for vatn i Gjerdsvika.  Renseanlegget skal etter kvart forsyne Gjerdsvika og Gursken med godt vatn.

Utbygginga  skjer gjennom 3 utbyggarar.  Kvadratbygg A/S  skal sette opp sjølve bygget medan Servitech A/S har arbeidet med rørsystem. Guard A/S skal ta seg av styresystemet. Ein håper at heile anlegget blir ferdig og sett i drift i løpet av året.