Offisiell opning av den "nye " Haugelia barnehage

Haugelia november 2018 - Klikk for stort bilete Glede og godord var det som kom fram under opninga av den "nye"  Haugelia barnehage torsdag 29.november. 

No er endeleg den nye avdelinga komen på plass og her er det fullt hus og god stemning. 

Mange hadde møtt fram på den offisielle opninga av  dei nye plassane ved Haugelia barnehage. No er dette ein to-avdelingsbarnehage, og her er det mange som vil vere. 

Vi har faktisk barn på venteliste til plass her, seier styrar/ einingsleiar Lisbeth Nykrem, som er glad for at byggeperioden er over og at dei kan ta i bruk lokalitetane  både inne og ute. 

 

Ordførar Dag Vaagen stod for den offisielle opninga  med snorklipping  saman med  nokre av førskulebarna. 

haugelia 6 - Klikk for stort bilete

 

 

Elles framførte barnehagebarna ein nylaga Haugelia- song som nok blir brukt flittig framover. Det er Helga Tødenes  Sætre som står bak denne.

Opnining av Haugelia 1 - Klikk for stort bilete

 

 

Sjølvsagt var det markering med kake og litt gåvedryss til barnehagen. 

Både Gursken oppvekstsenter, Sande kommune, Myklebust verft as , Joker Gursken og alle leverandørar av prosjektetet  hadde med fine gåver til barnehagen. 

Sparebanken Møre, Pla Ny as, Sande bilservice as, Haugstad as og HårReisande as hadde levert fine gevinstar som vart lodda ut i barnehagen sitt lotteri! 

Fagforbundet Sande kom med fin blomsterhelsing!

Vi ynskjer små og store lukke til med dagleglivet i barnehagen!