Offisiell opning av Haugelia barnehage med 2 avdelingar

off opning Haugelia - Klikk for stort bilete

 

 

 

Den "nye" Haugelia barnehage er no ferdigstilt. Glade barn og tilsette kan no ta i bruk lokale med 36 plassar.

Både ute og inne har barnehagen fått nye moderne lokale og utstyr som stettar dagens krav til innhald og til sikkerheit. 

Den 29.november kl 15.00 blir det offisiell opning og feiring med ope hus for alle som vil kome !

Barnehagen har fått eit tilbygg over to etasjar med innstallert heis. Bygget er oppført med berekonstruksjon i stål og betong hulldekke. Ytterkledning er tre og taket er prefabrikert lett-tak. Uteområdet er oppgradert og har fått ny inngjerding. Parkeringsplassen er også utvida. Heile prosjektet har vore gjennomført utan større problem og med god dialog med alle utførande partar, seier prosjektleiar Kjell Hauge. 

Byggefakta:

  • Oppstart grunnarbeid mars 2018
  • Ferdigstilt oktober 2018
  • Byggetid ca.7mnd
  • Kostnads ramme eks.mva 9.873.000,-

Involverte entreprenørar :

  • Bygg - Rise Bygg AS
  • Elektro - Tussa Installasjon AS
  • Ventilasjon/ varme - Egset Ventilasjon AS
  • Sanitær - Rørservice/Uri AS
  • Grunnarbeid - Bjarne Tarberg AS

Byggeperioden er over: 

Det har vore spennande tider for oss desse månadane, seier einingsleiar&/styrar Lisbeth Nykrem. Barnegruppa har fått følgje med på det som har skjedd rundt bygget, og gled seg no over alt det nye som er tillaga for dei. 

Berre ei kort periode no i haust måtte vi "flykte" til Gursken oppvekstssenter- elles har dette gått veldig fint, sjølv med  berre eit bittelite inngjerda uteområde.

No er vi glade for å ta imot dei barna som har venta på plass, og gled oss til å ta i bruk "nye-barnehagen" vår, avsluttar den fornøgde styraren.

Offisiell opning:

Førskulegruppa og ordføraren står for den offisielle opninga av barnehagen torsdag 29.november kl 15.00.

Det blir sjølvsagt litt kake denne dagen og barnehagen framfører Haugelia-songen. Barna sel også lodd med fine premiar! 

Velkommen !