Denne veka blir det vaksinert 42 personar og neste veke er det og 42 personar som får vaksine. Desse blir vaksinerte med Pfizer-vaksina. No er det risikogruppe 3 med personar personar fødde i tidsrommet 1940 -1944 som blir innkalla.
Testing
I veke 11 vart 118 personar testa for Covid-19.
Sande legesenter har god kapasitet og du får avtale testing på 70026750 i tidsromet 8.30-15.00.
Vi minner om reglane for karantene og isolasjon.
Om du har teikn til symptom ta kontakt for testing.
Elles minner vi som før om
- Avstandsreglar – no er det 2 m som gjeld og munnbind om ikkje du kan halde denne avstand.
- Vaske hender.
- Vere heime når du er sjuk.
Sande kommune ber om at vi alle held fram med å følgje råd, anbefalingar og forskrifter som kom frå regjeringa 23.mars.
Desse gjeld frå midnatt, natt til 25.mars.