Områdeplan for Larsnes i Sande kommune - varsel om utvida planområde

Klikk for stort bilete

  Sande kommune jobbar med ein ny og oppdatert reguleringsplan for Larsnes sentrum og varsla i medhald av plan- og bygningslova § 12‑8 oppstart av områderegulering i februar 2019.

Områdeplanen skal leggje til rette for framtidig utvikling av kommunesenteret. Planen skal utarbeidast som ei områderegulering i samsvar med plan- og bygningslova § 12-2. Forslagsstillar er Sande kommune. Plankonsulent er Norconsult AS.

Det kom inn mange innspel både i samband med varsel om oppstart samt i samband med folkemøtet som var på Breidablikk torsdag 21.mars. Det etterfølgande planarbeidet syner at det er behov for å utvide plangrensa for prosjektet, og Sande kommune varslar med dette utviding av planområdet. Sjå tilleggsområda i figuren på neste side.

Bakgrunnen for utviding er:

  • Mot vest – å få med nødvendig areal for tursti til Hallevatnet.
  • Mot nord – å få med areal for å avklare avkøyrsleløysing.
  • Mot sør – å få med alt areal som skal inngå i framtidig bustadområde.  

 

Merknader knytt til det utvida området sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes eller postmottak@sande-mr.kommune.no innan 31.oktober 2019.

Du kan også skrive ditt høyringssvar her.

 

Prosessen vidare

Når planforslaget blir lagt ut på offentleg ettersyn vil det bli arrangert eit nytt folkemøte for å få innspel og meiningar, og det vil bli satt ein frist på minimum 6 veker for merknader knytt til planforslaget. Plankonsulenten og administrasjonen hos Sande kommune lagar ei oppsummering av alle innkomne merknader og svarer på merknadene i plandokumentet som kjem på offentleg ettersyn. Det vert ikkje gitt svar til kvar enkelt som sender inn merknad; vurderinga og svaret vil stå i plandokumenta, og merknadene vil i si fulle form ligge ved saka ved politisk handsaming.

Planen vert handsama først i planutvalet og blir deretter lagt fram for godkjenning i kommunestyret i Sande kommune. Kommunen sitt vedtak av reguleringsplanen kan klagast på til Kommunal- og moderniseringsdepartementet i medhald av PBL § 12‐12. Avgjersleretten i klagesaker er delegert til Fylkesmannen.

                      

Kontakt

Geir Eide
ingeniør
E-post
Mobil 941 48 609