Ønskjer du å støtte årets tv-aksjon?

Ønskjer du å støtte årets tv-aksjon?

 Tv-aksjonen i år går til WWF og har fått namnet "Et hav av muligheter".

I år vert det ikkje ordinær tv-aksjon der bøsseberarane kjem på døra for å samle inn pengar. Det vert ein digital aksjon, og mange i Sande har oppretta sine digitale aksjonsbøsser som du kan støtte. Det har også Sande kommune gjort.

Her finn du oversikt over dei digitale bøssene i Sande som privatpersonar har oppretta.

Sande kommune si bøsse finn du på spleis.no, og du gir pengar ved å trykke på grønn knapp "støtt bøssa".

Det er også mogleg å gje ved å ringe 822 08 008, då gir du kr 300,-. eller Vipps til 2133 eit valgfritt beløp eller til kontonr 8380.08.09005.

Alle beløp vert registerte på Sande kommune.  Kan vi kome på topp 3 i fylket i år også?