Opning av barnehagetilbod og skule for 1.-4.trinn

Opning av barnehagetilbod og skule for 1.-4.trinn

Pixabay Oppvekstsektoren har starta planlegging av opning av barnehagetilbodet  og undervisning på skulen for 1.til og med 4.trinn samt SFO.

Oppvekstsektoren har starta planlegging av opning av barnehagetilbodet og undervisning på skulen for 1.til og med 4.trinn, i tråd med dei føringar som er lagt av regjeringa.

Regjeringa har sagt at barnehagar skal opnast frå 20. april og seinast 27.april  og undervisning for 1.-4.trinn og SFO skal starte frå 27.april.

Opninga  skal skje gradvis og kontrollert, med nødvendige smitteverntiltak på plass.

Rettleiar for smittevern i barnehage og skule som skal kome torsdag 16. april for barnehage og 20. april for gr.skule 1.-4., skal vere grunnlag for dei planane som no blir lagt. I tillegg vil andre nasjonale føringar og retningsliner vere styrande for planlegginga. Ein vil også ha tett kontakt med smittevern-overlegen i kommunen for å sikre at ein vel gode løysingar for tilboda.

Sande kommune vil bruke god tid på å sette seg inn i rettleiaren for å finne den beste organiseringa av desse tilboda. Difor er det ikkje enno råd å seie noko om korleis tilboda blir gitt i den enkelte barnehage eller skule.  

Meir informasjon om opning av barnehage vil kome i slutten av denne veka, for grunnskule 1.-4 kjem det meir informasjon i neste veke. 

Barnehagen eller skulen din vil også kontakte deg med spørsmål og informasjon.

 

Oppdatering 15.april kl 17.30:

Rettleiar om smittevern i barnehagar under Covid-19 publisert på UDIR sine nettsider.

Den 07. april bestemte regjeringa at barnehagane kunne opne igjen frå den 20. april og seinast innan den 27.april. No er rettleiaren for korleis barnehagane kan trygge dei naudsynte smitteverntiltaka klar.

Rettleiar om smittevern i barnehagar