Opning av barnehagetilbodet i Sande 20.april

Klikk for stort bileteBarnehage Sande kommune  Barnehagetilbodet i Sande startar opp neste veke.

Opning av barnehagetilbod

Barnehagane jobbar denne veka med å planlegge opning av barnehagetilbodet  i Sande etter steninga midt i mars.

Regjeringa har sagt at barnehagar skal opnast frå 20. april og seinast 27.april og opninga  skal skje gradvis og kontrollert, med nødvendige smitteverntiltak på plass.

Rettleiar for smittevern i barnehage kom onsdag 15.april og er styrande for korleis ein no planlegg og organiserer tilbodet ein skal gi. 

Utdanningsdirektoratet har også kome med ein del hjelpemiddel og informasjon direkte til barnehagane for å gjere planane og smittevernrutine klare og gode å forstå for personale, foreldre og barn. Vi har også ein tydeleg smittevernoverlege som gir gode svar når det er problemstillingar som dukkar opp i planleggingsfasen. 

Direkte informasjon frå kvar barnehage til den enkelte familie om opning av dei ulike barnehagane kjem før helga. 

  • Kvamsøy og Sandsøy barnehage vil starte opp att måndag 20.april.
  • Gjerdsvika, Hauemarkja og Haugelia  barnehage startar opp sitt tilbod tysdag 21.april 
  • Opningstida vert i utgangspunktet 7 timar pr dag. 

 

Er det greit å starte opp att barnehagane no ? 

Mange stiller dette spørsmålet og vi må støtte oss til nasjonale tilrådingar og rettleiingar.  

Her finn du nyttige lenker som skal gi deg god informasjon: 

Smittevernrettleiar for barnehagane

Statsministeren sin pressekonferanse for barn

Folkehelseinstituttet sine sider for barnehage, skule og SFO

Informasjon til foreldre frå Utdanningsdirektoratet