Opning av lesekiosk i Årvika

Opning av lesekiosk i Årvika

Opning av lesekiosk Einar Ekroll, Sande kommune  No kan du finne lesestoff i den gamle telefonkiosken i Årvika!

Torsdag 29. juli opna ordføraren Lesekiosk i den gamle telefonkiosken ved ferjekaia i Årvika.

Det er foreninga «Les» som står føre dette prosjektet i samarbeid med Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal, og markeringa av opninga vart gjort i samarbeid med musikk- og litteraturdagane Åram pluss. Foreløpig har Åram pluss teke på seg ‘fadderansvaret’ for lesekiosken i Årvika. Utanom ordføraren deltok elevar frå sommarskulen til Åram pluss med innslag på opninga.

Ein lesekiosk fungerer på den måten at ein kan stikke innom kiosken å finne seg ei bok ein ønskjer å lese, og så gjerne sette att ei bok ein sjølv har lest og gjerne ønskjer at andre skal få høve til å lese.

Målet med ordninga med lesekioskar er sjølvsagt å stimulere folk i alle aldrar til å lese meir!

Som gåve i høve opninga hadde ordføraren med seg kommuneboka «Sande 1837-1987» og eit eksemplar av «Høgt spel i Oksavika».