Opning av Sande fysioterapi

Opning av Sande fysioterapi

Sande kommune  Helsedirektoratet opna opp for at fysioterapitenestene kan starte opp igjen med ein-til-ein behandling frå 20.april. Dette gjeld også for Sande fysioterapi.

Sande fysioterapi har fått ein rettleiar for smittevern - så det blir ikkje oppstart på heilt vanleg vis. Det blir ingen gruppetreningar enno. Det skal vere få personar i lokalet samstundes, så ein vil ikkje nytte venterom med fleire i lag. Dette vil også føre til at det vil bli venteliste no i starten, dersom mange ønsker fysioterapi.

Om du treng fysioterapi og skal til behandling, har vi tydelege retningslinjer:

  • Ring på førehand for å bestille time, ikkje møte opp direkte utan avtale
  • Du skal ikkje møte opp dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon
  • Vi nyttar inngangsdøra rett frå parkeringsplassen til besøkande
  • Vask hender før du kjem
  • Sprite hender når du kjem inn i fysioterapilokalet
  • Når du kjem, får du vidare rettleiing på kva du skal gjere

Vi vil også informere om at fysioterapeutane også må vurdere eigen helsetilstand og halde lav terskel for å møte på jobb med luftvegsinfeksjon for å minimere smitte.

Vi skal vere flinke på reinhald av lokale, utstyr samt grundig handhygiene. Vi skal ikkje handhelse på pasientane og unngå å stå fysisk nær kvarandre dersom det ikkje er heilt nødvendig for behandlinga. Vi vil hjelpe pasientane til ei så god fysioterapibehandling som mogleg ut i får dei vegleiingane vi har fått får helsedirektoratet, heiter det i meldinga frå  Sande fysioterapi.

 

Kontakt Sande fysioterapi:

 

Kristian Teigen – Privatpraktiserande fysioterapeut -tlf 97563830 (Kristian Teigen)

Ida Helene Tranvåg Yksnøy – kommunefysioterapeut- Tlf 70026613 eller 48892151T

Kristina Meinseth - kommunefysioterapeut - Tlf 70026613 eller 48892151T