Oppdaterte retningsliner ved besøk til pasientar ved Sandetun omsorgssenter frå 21.04.21

Klikk for stort bilete Sande kommune  Sandetun omsorgssenter har revidert retningsliner for besøk til pasientar som bur der. 

For å sikre godt smittevern ved Sandetun omsorgssenter, skal alle besøk gå føre seg etter gjeldande retningslinjer:

  • Besøkande kan ikkje kome på besøk, dersom ein er sjuk, jmf. nasjonale retningslinjer
  • Pårørande som vil besøke pasientar på omsorgssenteret, må så tidlig som mogeleg, ringe og gjere avtale med avdelinga i høve besøk.  Avdelinga samordner tidspunkta for besøka. Personell ved avdelinga vil følge besøkande fram og tilbake til/ frå pasienten sitt rom.
  • Besøket skal gå føre seg på pasienten sitt rom/ leilighiet, ute på omsorgssenteret sitt område eller på tilrettelagt besøksrom. Besøk kan ikkje gjennomførast i fellesareal i omsorgssenteret. Det er mogeleg å gå tur rundt Sandetun omsorgssenter, eller ta ein biltur.
  • Det bør haldast minst 1 meters avstand, og dei som kjem frå område med høgt smittetrykk skal bruke munnbind.
  • Ved besøk inne kan 1-3 personar kome på besøk i gongen, medan ein ved besøk ute kan vere fleire, så lenge ein kan halde 1 meter avstand.
  • Det er ikkje lov med nærkontakt som klemming etc. mellom pasient og pårørande.
  • Pårørande skal sprite hender før og etter besøk.
  • Det vert ført besøksprotokoll som sikrar rask smittesporing.
  • Ved alvorleg sjukdom hos pasienten vert det framleis gjort eigne vurderingar i høve besøk.
  • Det er lov å ta med gåver, blomster osv.
  • Vi minner om at retningslinene er laga for å beskytte dei mest sårbare.  Alle som bur på Sandetun omsorgssenter er pr. definisjon i risikogruppa. Dei som bur her er i lag i fellesareala, så om ein pasient vert smitta, kan ein risikere at også andre vert smitta.