Opplæringskontoret på Søre Sunnmøre rundar 20 år - "ein ungdom i sin beste alder"

Opplæringskontoret på Søre Sunnmøre rundar 20 år - "ein ungdom i sin beste alder"

 

Tenk at det er 20 år sidan Opplæringskontoret på Søre Sunnmøre vart stifta!

Mange lærlingar har blitt gode fagarbeidarar og jobbar no kanskje i kommunene rundt om i distriktet. Kanskje treff du dei i kvardagen din?

Ein fin gjeng av lærlingar og rettleiarar frå Helse- og omsorg i Sande var 7. mai med på å markere 20 årsjubileet til Opplæringskontoret på Søre Sunnmøre, der Sande har vore med i mange år.

Dagen vart markert på Møre folkehøgskule i Ulsteinvik med kulturinnslag, tilbakeblikk på kontoret si historie, foredrag og lunsj. Ei fin markering der ein fekk sjå alle dei flotte lærlingane som no er knytt til Opplæringskontoret.

 

På bildet ser vi framme frå venstre: Kiara Nykrem og Birthe Longva (lærlingar) og Torill Løvøy (rettleiar) bak frå venstre: Sofie Hansen ( lærling), Kristin Longva ( rettleiar) og Henrikke Strandbø ( lærling). Desse er lærlingar i Sande no.