Oppretting av gravstøtter

Oppretting av gravstøtter

Gursken kyrkjeIfølgje gravferdsforskrifta er det festar av gravminne som er ansvarleg for sikring av gravminnet. Etter som tida går kan gravstøtter bli ståande på skeive eller ramle av fundamentet. Dette kan utgjere ein fare for dei som ferdast på gravplassen.

Teknisk sektor kan ta på seg oppdrag med å rette opp og sikre gravminne.

Korleis bestille? 

Bestill oppdraget på Servicekontoret, telefon 70 02 67 00, eller på postmottak@sande-mr.kommune.no. Oppgi namnet som står på gravminnet, kva gravplass det gjeld og namn og adresse på den som skal ha faktura. Kommunekassa sender ut faktura.

Når du har betalt denne, blir oppdraget utført.

Dersom teknisk ser at gravstøtter utgjer ein fare for dei som ferdast på gravplassen, kan gravstøtta bli lagt ned.

Kva kostar det?

Gebyrregulativ gravplassar 2024
Tenester Pris
Festeavgift for graver, pr grav pr år, ikkje mva-pliktig kr 250
Gravlegging av avdød frå ei anna kommune,ikkje mva-pliktig kr 6818
Oppretting av gravminne, eks mva kr 1755
Fjerning av gravminne, eks mva kr 1136

Det er kyrkjekontoret som er ansvarleg for fakturering av festeavgift og gravlegging av avdød frå anna kommune.

Kontakt

Marte Storegjerde
konsulent
E-post
Mobil 46 80 77 71